Green Day

你好!

 

Dag: onsdag
Dato: 8
Månad: februar (på internett kan ein lese at februar er månaden for litt forskjellig. Februar er både Marihuana Awareness Month, National Condom Month og Grapefruit Month. Fyrst og fremmast er februar månaden for kjærleik, som markerast den fjortande.)
År: to null ein to

Emanuel har lagt sin elsk på fargen som symboliserer natur, fridom, ungdom og sjalusiens monster. Grøn, altså. I førre veke var Emanuel, Aylar og Artemis på shopping. Zweck1: Emanuel trengte nye klede. Rulletrappa opp og rulletrappa ned. Dei rulla både Galleriet og Exhibition på kryss og tvers. Inn i det svenske mauritzparadiset2 vandra dei, og kom ut med ein stor pose fylt til randen med grønt gull. Emanuel synst det ville vere for flaut å bere posane sjølv, difor blei Artemis den utvalde poseberaren. I posane låg:

-          Boblejakke, 100 kronar

-          Caps, 69 kronar

-          Solbrillar, 59 kronar

-          2 t-skjortar, tilbod 'to for 399 kronar'

Dei tre blei heilt gale av alt det grøne og bestemte seg for at kommande måndag skulle vere Den Grøne Dagen. Dei såg for seg orda på alles lepper: omg3 sjå - det grøne trekløveret har entra kantinen!. Emanuel i midten med ei dame på kvar side.. ein fin  draum.

Det blei ikkje heilt så storarta, men litt merksemd fekk dei då. 

Her er resultatet: 


Emanuel eter salat og jakka til Artemis matcher håret hans. Emanuel kler caps.


Check out this duuuude! He's got swag in his bag!



Fotnote1: Zweck: frå tysk. Betyr hensikt

Fotnote2: Mauritzparadis: Hennes & Maurtitz, svensk kledemerke

Fotnote3: Omg: forkorting for oh my god



Ikkje drep nynorsken!


pupp.

6 kommentarer

Brantimus

08.feb.2012 kl.11:21

Dekan gløymde min stiliga grøne bokse...

Ørkenrosen

08.feb.2012 kl.12:41

Tilnærmet upåklagelig nynorsk!

Aylar

08.feb.2012 kl.21:20

Grønt er skjønt

Aylar-fan

08.feb.2012 kl.22:21

Sykt teit av deg å fjerne bildet av deg, Aylar!

Mitra the BEST

05.mar.2012 kl.20:32

Etter min formening... ville jeg ikke brukt slike urovekkende klær. Jeg har nå ringt deres foresatte og fortalt dem alt om deres grønne grønnhet.

Hvem er enig?

Pupp

06.mar.2012 kl.16:41

Du er så streit, Mitra. Her, ta et skudd.

Skriv en ny kommentar

fritidspupp

fritidspupp

16, Bergen

Kategorier

Arkiv

hits